Spelet om Søstrene Mel og Sjøormen

Om spelet

Spelet er ei familieframsyning som tek føre seg myten kring sjøormen i Hornindalsvatnet, og tek opp aktuelle tema som klima/miljøspørsmål, bygdekultur og identitet, men spelar gjennomgåande på både musikk, song og humor som verkemiddel for å løfte desse tema.

Historia i spelet går føre seg i eit parallellunivers ved namnet Hønndalen, der vi får møte Søstrene Mel, Fanne, Gause, Løde og Raude, som møter på sjøormen heilt tilfeldig på ein båttur. Resten er ei spennande historie vi inviterer deg og familien med på.

Siste nytt

Myte, historie & miljø

Kvifor treng vi forteljinga om sjøormen? Korleis kan ein sjøorm som lever i den djupe innsjøen, engasjere og pirre fantasien til små og store i vår tid? Korleis kan nærværet til ein sjøorm auke vår respekt til naturen? Ved å halde liv i myta om den, og fortelje om korleis vår forsøpling påverkar livet i naturen, kan vi kanskje indirekte plante eit ønske om å glede sjøormen i staden for å ergre den?

Vi treng alle slike påminningar knytt til miljø- og naturvern, og ved å kople dette til både historiske, så vel som mytiske perspektiv vil det vonleg både underhalde og fenge, og ikkje minst skape refleksjon og ettertanke. Og vi treng både å bli engasjerte og reflekterte i kampen for miljøet vårt!

Kvar og når?

Spelet verte ei heilaftans familieframsyning i flotte omgjevnader i Groparken ved Hornindalsvatnet. Dette er det første utespelet som nokon gong har blitt lansert i Volda kommune, og vi gler oss til å vise det fram! Urpremiera verte den 7. september 2023.

Torsdag

7. september 2023 (URPREMIERE)

Fredag

8. september 2023

Laurdag

9. september 2023

Søndag

10. september 2023

Om oss

Initiativtakar og manusforfattar Torunn Lødemel Stokkeland, har sidan 2017 leika med ein ide om å skrive ei familieframsyning til Groparken i Hornindal. No er vi mange engasjerte personar som er med på å få dette spelet til å kome til live – skodespelarar, musikarar, produsentar, sceneografar, og styret for Søstrene Mel AS.

Hovudsponsor

Samarbeidspartnarar

Eid Dykkerklubb

Klokkergårdstiftelsen