Sjøormen i Hornindalsvatnet er kanskje ei kjende “myte” her i lokalområdet, men no får folk over fjord og fjell oppleve sjøormen i det verkelege liv i familiespelet Søstrene Mel og Sjøormen i september i år. Dette vil skje ute i haustlege omgjevnader i Grodås sentrum med musikk, song, humoristisk dramatikk og god stemning for både born og vaksne.

Utespelet Søstrene Mel og Sjøormen verte i flotte omgjevnader i Grodås sentrum. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
Regissøren Torunn Lødemel, med røter frå Hornindal, har tatt denne historiske myten og modernisert den gjennom spelet. Spelet tek for seg ulike miljøtema, som forsøpling i fjorden, men hovudtemaet er likevel myten om sjøormen med ei forankring til kjende og mindre kjende trekk frå ein parallell lokalkultur som får magemusklane til å gå. Saman med fengande musikk, skrive av Aleksander Raftevold, får ein ei oppleving av dei heilt sjeldne i landet.

Regissøren Torunn Lødemel saman med produsenten Jan Terje Eidset. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
Første skodespelarmøte og leseprøve
I spelet er det med ei god blanding av både amatørar og kjende skodespelarar og artistar som (for å nemne nokre) Beate Lech, Josefine Agathe Hove, Anna Brochmann, Raymond Corrado Knutsen, Atle Oen, og ikkje minst lokale skodespelarheltar som Eirik Risholm Velle saman med sin kjærast Maja Skogstad.

Eirik Risholm Velle og Maja Skogstad. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
«Førstegongsskodepelarar» får også moglegheit til å prøve seg på scena. Blant anna Rebekka Ulstein som aldri har prøvd seg på noko sånt før, men såg på dette som ei ny utfordring ho berre måtte gripe.
«Eg blei tipsa om ein audition av ein ven, og kjende det nærmast som eit kall; dette skal eg vere med på! No kan eg fryde meg over å vere ein del av prosjektet,» seier Ulstein.
Runa Bergem er også ein del av skodespelargjengen. Ho gjekk musikklinja ved Volda VGS, tok bachelor i Performing Arts i Brighton, England, og har vore med på ei rekke framsyningar ved Opera Nordfjord.
«Det er veldig artig å få vere med på dette spelet, og det er eit kjempefint tilbod for lokale skodespelarar både amatørar og profesjonelle,» seier Bergem.

Runa Bergem og Rebekka Ulstein. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
Første aprilhelga møttest Søstrene Mel og Sjøormen skodespelarane for første leseprøve saman. Her vart det pizza, kaffi og prat for å verte litt betre kjend med kvarandre. God stemning og latter gjennom timar med øving og ein organisk prosess der karakterane får utfolde seg og utvikle seg opp mot den store ur-framsyninga.
«Det var kjempekjekt å få møte alle skodespelarane og sette fjes på alle rollene. Det var gøy å få høyre heile stykke høgt og få meir «personlegdom» i rollene. Eg gler meg veldig til å fortsette med øvingane og sjå spelet kome til liv!,» seier Bergem.
«I dag har alle skodespelarane samla seg rundt eit bord og gjort ei leseprøve, som vil seie å gjere ei høgtlesing av manus frå start til slutt. Og eg må seie, for ein fin gjeng vi er! Vi har fått helse på kvarandre, og fått eit andlet på rollene vi har lest om i manuset,» seier Ulstein.

Bjørnar Nordal under leseprøven. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd

Runa Bergem, Sol Alme Brendefur og Martine Espe under leseprøven. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
Hovudsponsor Sparebanken Møre
Etter leseprøven søndag kveld kom Mette Ryste og Hege Hamre frå Sparebanken Møre på besøk. Sparebanken Møre er hovudsponsor for spelet. Ein av grunnane til å støtte spelet er kor godt gjennomtenkt søknaden var, seier Ryste og Hamre, og fordi spelet tek for seg aktuelle og viktige problemstillingar i det samfunnet vi lev i, i dag.
«Det er veldig kjekt å få vere med å støtte dette spelet, for det er so mange dyktige folk med som vi veit kjem til å gjere ein kjempegod jobb,» seier Ryste.

Søstrene Mel gjengen med Mette Ryste (framme i blått) og Hege Hamre (framme i oransje) frå Sparebanken Møre som hovudsponsor av spelet. Foto: Søstrene Mel/Liisa Mänd
Dette er eit stort spel og det er mykje som skal klaffe for å klare å gjennomføre det heile. Difor ynskte Sparebanken Møre også å støtte spelet tre år fram i tid.
«Å realisere eit sånt spel er ufatteleg krevjande! Difor vil vi også vere med å tenkje litt meir langsiktig, fordi det er noko vi har lyst til å kunne gjenta fleire gongar. Eg trur dette verte ei heilt fantastisk oppleving! Spelet hyllar ei mytisk historie med humor og musikk. Dette verte sett opp i september, og om vi er litt heldige med vêret, så verte det jo heilt nydeleg her attmed Hornindalsvatnet og fjella rundt. Dette må berre bli eit reisemål for folk for å sjå kva perle dette faktisk er,» seier Ryste.
Hi, this is a comment.
To get started with moderating, editing, and deleting comments, please visit the Comments screen in the dashboard.
Commenter avatars come from Gravatar.